Ein oase for sjokoladeelskarar

Ingenting smakar som handlaga sjokoladebitar saman med ein god kopp kaffi på nykverna bønner. Ikkje minst når du har fortent ein pust i bakken.

Har du lyst på noko anna i koppen, serverer vi heimelaga kakao med mørk, kvit eller lys
råsjokolade. Smak gjerne vår chocomania: ei varm nyting med alle dei tre sjokoladesortane. Kanskje vil du ha ei ekstra topp med chili i kakaoen?

Kafeen vår er den første i Geiranger som har eigen konditor. Vi lagar kaker, vaflar og andre søtsaker som vi håper du vil nyte hos oss. Kva seier du til biscotti, sjokoladeostekake, brownies eller sjokoladekjeks?

Vil du heller ha is, sel vi den norske kvalitetsisen, Kulinaris, inspirert av italiensk is og produsert på Kolbotn (www.kulinaris.no).

Nyt den smaksrike sjokoladen vår saman med ein mørkbrend kaffi frå Zoegas!

Velkomen!