Frå båthus til sjokoladefabrikk

Det er lenge sidan garn har blitt greidde og båtar dregne inn i Holenaustet ved Geirangerfjorden.

Naustet har ei lang historie som husvert for anna enn maritim aktivitet. Det har mellom anna vore garasje for veteranbilar og naustet har opp gjennom åra husa både ein fotobutikk, utsal for sjømat og sportsutstyr. I dag heng robåten i taket for å gi plass til kafé og butikk.

På gateplan finn du kafeen og sjokoladebutikken. Sjokoladefabrikken ligg i naustkjellaren med inngang frå støa.