Ei kjærleikshistorie

I august 2009 oppstod søt musikk mellom ein sunnmørings jente og skåningen Bengt Dahlberg. Sidan ho ikkje hadde lyst til å flytte frå fjella, braut han opp frå Stockholm og ville finne seg eit levebrød inst i verdsarvfjorden. Løysinga vart endå ei søt historie: Geiranger Sjokolade.

Kjærleiken til kvarandre, til naturen og til rein sjokolade gjorde at vi kunne opne Geiranger Sjokolade i Holenaustet på den svenske nasjonaldagen 6. juni 2010.

I februar 2012 hadde etterspurnaden etter fjordnærsjokoladen blitt så stor at vi tilsette den danske konditoren Søren Jensen. I tillegg til å produsere sjokolade lagar han fantastiske heimelaga kaker og andre godsaker til kafeen.