Mørk og frisk

Fargane brunt og turkis som vi brukar i bedriftsprofilen vår, representerer både den reine sjokoladen og det fenomenale fjordlandskapet rundt oss.

Fjordnærsjokoladen blir pakka i gode, gamaldagse spissposar. Snur du kremmarhuset på hovudet, går assosiasjonen lett til mørke fjelltoppar og blågrøne fjordar. Dessutan tyder geir i Geiranger spydspiss. Akkurat som Geiranger er ein spydspiss i norsk reiseliv, skal Geiranger Sjokolade vere ein spydspiss i sjokoladenyting.