Reint handarbeid

Vi lagar rein og velsmakande sjokolade frå grunnen, utan konserveringsmiddel eller andre tilsetjingsstoff. Dei fleste av dei gode smaksvariantane kjem frå råvarer som er produserte i nærområdet.

Vi brukar hovudsakleg 70 prosent rein kakao i sjokoladen, noko som gjer han mørk og så sunn som berre det!

Vi er heldige å bu i eit grøderikt område, og brukar lokale råvarer, frukt og bær så langt som råd:

Den friske blåbæra blir plukka i dei majestetiske fjella rundt oss.
Den saftige bringebæra kjem frå nabobygda Norddal.
Verdas beste jordbær er sjølvsagt frå Valldal: solmoden og handplukka langs vegen til Trollstigen.

Det nydelege flatbrødet blir bakt i ei anna norsk verdsarvbygd: Røros. Den smaksrike blåskimmelosten Kraftkar som kjem frå Tingvollost på Nordmøre, tok gull i verdsmeisterskapen i ost i Birmingham i 2011.

Den søte sommarhonningen kjem frå dei flittige biene til bonden Dale i Norddal.

I tillegg til dei nordiske smakane eksperimenterer vi òg med meir framande og spennande smakar og ingrediensar frå andre land, ikkje minst fordi Geiranger alltid har fått impulsar frå utlandet.

Olivenoljen er importert frå middelhavsområdet.
Whiskysjokoladen er basert på ein single malt whisky med hint av røyk frå Isle of Islay i Skottland.
Chilivarmen kjem frå meksikanske jalapeños.