Turistattraksjon i 150 år

Når markblomane sprett fram i vårsola, vaknar fjordbygda Geiranger til liv frå vinterdvalen. I sommarhalvåret gjestar om lag 700.000 turistar verdsarvbygda. Vel ein tredel av dei kjem sjøvegen med turistskip som ankrar opp på fjorden.

Den første turistbåten sigla inn fjorden i 1869. Gjennom 150 år har turistbygda Geiranger blitt godt kjend utover landegrensene, og er for mange symbolet på fjordnoreg.

Saman med Nærøyfjorden i Sogn og Fjordane representerer Geirangerfjorden i Møre og Romsdal Vestnorsk fjordlandskap som har stått på verdsarvlista til Unesco sidan 14. juli 2005.