Fjordnær sjokolade

Geiranger Sjokolade er truleg den første sjokoladefabrikken i verda som held til i eit naust.

Å leggje ein sjokoladefabrikk til eit naust byr på utfordringar. Sjokoladeproduksjonen er kjenslevar både for fuktig fjordklima og temperatursvingingar. Difor blir inneklimaet nøye kontrollert for ikkje å påverke produksjonen.

Sjokoladefabrikken ligg i naustkjellaren. Har du lyst til å sjå nærare på sjokoladeproduksjonen, kan du gå ned til fjordsida av naustet og smugkike gjennom glaset!