Produkt

Sjokolademakar Bengt Dahlberg har lenge hatt ein pasjon for sjokolade. No har han i tillegg ein ambisjon for Geiranger Sjokolade: Å produsere utsøkt sjokolade med lokale råvarer, inspirert av norske fjordar og fjell.

Bestseljaren så langt, både hos norske og utanlandske kundar, er brunostsjokoladen Vesterås. Konfekten har ein ny og særnorsk karamellsmak med brunost. Namnet Vesterås kjem frå garden som ligg i fjellsida nokre hårnålssvingar frå Geiranger sentrum, der geitene beitar i det frodige kulturlandskapet.

Fjordnærsjokoladen finst i mange og nye smaksvariantar: brunost, olivenolje og havsalt, nøtter, aprikos, blåskimmelost, jordbær, bringebær, blåbær, chili, akevitt og whisky.

Nye smakar blir stadig utvikla. Finn din eigen fjordnærfavoritt!