Sjokolade med utsikt

Elskar du sjokolade? Då har du kome til rett stad. Sidan juni 2010 har vi produsert kvalitetssjokolade med lokale råvarer, inspirert av norske fjordar og fjell.

Geiranger Sjokolade er den første sjokoladefabrikken i verda som held til i eit naust. Varemerket vårt er difor «fjordnær» som òg spelar på «jordnær»: All sjokolade blir laga frå grunnen, utan konserveringsmiddel eller andre tilsetjingsstoff.

Fjordnær er ein smaksrik sjokolade som smeltar på tunga og gjer deg glad!

Sjokoladeproduksjonen er reint handarbeid. Vi brukar skorne, ikkje støypte bitar, slik at vi får eit så tynt lag av sjokolade som råd. Filosofien vår er at ting skal smake. Vi utviklar nye sjokoladeoppskrifter baserte på eigne smaksløkar. Frå fyllet blir laga i kjøkkenet til den ferdige sjokoladen ligg klar for sal i butikken, går det tre dagar på det raskaste.

Råvarene til fyllet kjem frå nærområdet den grad det går, men vi hentar òg spanande smakar frå andre land. Godbitane får til slutt eit bad i mørk, nydeleg sjokolade – mmm!