Sjokoladepostkort

Send ei sjokoladehelsing til dei som er att heime! Vi har spesiallaga postkort som rommar ei nydeleg, handlaga sjokoladeplate. Du kan velje mellom fire kort: historiske motiv i svart-kvitt anten frå Flydalsjuvet eller frå fjorden med eit cruiseskip for anker, eller nye fargemotiv frå Dei sju systrene eller Geiranger hamn med snøkvite fjell i bakgrunnen.

Figurar

Kjøp ein lokalprodusert sjokoladefigur som reiseminne frå Geiranger! Du kan velje mellom cruiseskip og veteranbilar i rein sjokolade.