Brudesløret

I samarbeid med Oliviers i Ålesund har vi utvikla ein mørk sjokolade med ekstra virgin olivenolje frå middelhavsområdet, toppa med maldonsalt. Likar du mørk sjokolade, tilrår vi absolutt at du testar denne fantastiske kombinasjonen av søtt og salt. Olivenoljen gir ein utruleg glatt konsistens som gjer at sjokoladen forsvinn i munnen.
Konfekten er oppattkalla etter fossen Brudesløret som har ei fallhøgd på 300 meter frå fjellet Ystehornet i Geirangerfjorden.

Cruise

Handlaga marsipan med smak av den norske favorittakevitten til sjokolademakar Bengt, Gammel Opland, og ein sydlandsk snert med hjelp frå rosiner.

Flydalsjuvet

Den nye chilisjokoladen vår tek pusten frå deg – akkurat som utsynet frå Flydalsjuvet. Den kjende turistattraksjonen har fått ny arkitektonisk drakt som del av Nasjonal turistveg, og er perfekt for fotografering Geiranger og cruiseskipa på Geirangerfjorden.

Friaren

Konfekten Friaren er ein eksklusiv smak for vaksne med ein single malt whisky med hint av røyk frå Isle of Islay i Skottland. Segna seier at fossen Friaren som spreier seg på to sider av eit berg forma som ei flaske, slo seg på flaska då han fekk nei frå alle dei sju systrene på den andre sida av Geirangerfjorden.

Kraftkar

Ein sprek sjokolade med blåskimmelosten Kraftkar frå Tingvollost på Nordmøre. Vi smeltar osten og krydrar han litt ekstra med akevitten Gammel Opland og himalayasalt.  Prøv og bli hekta! Vi er ikkje åleine om å setje pris på tingvollosten. Kraftkar tok gull i verdsmeisterskapen i ost i Birmingham i 2011.

Norddal

Ein frisk kombinasjon med mørk sjokolade og store, smaksrike bringebær frå nabobygda Norddal. Bygda er ei perle der ho ligg ved fjorden med den åttekanta kyrkja frå 1782 og den gamle naustrekkja. Herdalssetra som ligg i hjartet av verdsarvområdet, er ei levande seter med om lag 300 mjølkegeiter.

Skageflå

Fyllet er ei blanding av kvit sjokolade og saftige blåbær som er plukka i området og som er fulle av antioksidantar. Det fargerike, lilla fyllet er dekt av eit tynt lag med mørk 70 prosent sjokolade. Konfekten har fått namn etter den mest kjende og rikaste fjellgarden i Geirangerfjorden: Skageflå.

Valldal

Verdas beste jordbær frå Valldal blanda med kvit sjokolade og toppa med herleg mørk sjokolade. Ei rein nyting – mmm! Valldal har gode vekstvilkår for frukt og bær. Gjennom dalen som strekkjer seg 30 kilometer frå Norddalsfjorden til toppen av Trollstigen, ligg åker etter åker med jordbær som vert ekstra søt fordi ho får modne langsamt. Om lag halvparten av all jordbær som går til matvareindustrien i Noreg, kjem frå Valldal.

Vesterås

Brunostsjokoladen er ein konfekt med ny og særnorsk karamellsmak. Vesterås er bestseljaren vår både hos norske og utanlandske kundar. Vi smeltar det norske nasjonalikonet, brunosten, og blandar det med den supre sommarhonningen til bonden Dale. Biene har laga honning av dei same fjellblomstrane som geitene og kyrne som gir mjølk til brunosten, har beita på.