Råvarer

Geiranger Sjokolade har som mål å nytte så kortreiste råvarer som råd, utan å fire på kravet om høg kvalitet og reine råvarer. Vi brukar absolutt ingen konserveringsmiddel eller andre unaturlege ingrediensar i sjokoladeproduksjonen.

Den friske blåbæra blir plukka i dei majestetiske fjella rundt oss.

Den saftige bringebæra kjem frå nabobygda Norddal.

Verdas beste jordbær er sjølvsagt frå Valldal: solmoden og handplukka langs vegen til Trollstigen. Bærleverandøren er i hovudsak Valldal Grønt (valldal.com).

Det nydelege flatbrødet blir bakt i ei anna norsk verdsarvbygd: Røros (www. rorosbakern.no).

Den smaksrike blåskimmelosten Kraftkar som kjem frå Tingvollost på Nordmøre, tok gull i verdsmeisterskapen i ost i Birmingham i 2011 (www.tingvollost.no).

Den søte sommarhonningen som hovudsakleg er søtningsstoffet vårt, kjem frå dei flittige biene til bonden Dale i Norddal (www.thehappyend.no).

I tillegg til dei nordiske smakane eksperimenterer vi òg med meir framande og spennande smakar og ingrediensar frå andre land, ikkje minst fordi Geiranger alltid har fått impulsar frå utlandet.

Olivenoljen er importert frå middelhavsområdet.

Whiskysjokoladen er basert på ein single malt whisky med hint av røyk frå Isle og Islay i Skottland.

Chilivarmen kjem frå meksikanske jalapeños.